I 2012 er det først og fremst triatlon Pär Johan Magni (32) trener til. Likevel skal han vera med på ikkje mindre enn tre reine maratonløp dette året.
[Dette intervjuet vart gjennomført undervegs på ein løpetur, og både intervjuobjektet og intervjuaren kan såleis ha vorte påverka av konteksten. I etterkant hadde Pär ein merknad om at konkurranseinstinktet kanskje kom betre til synes enn det elles ville ha gjort.]
MARATONPROSJEKTET
– Kor mange land er det eigentleg i Europa?
– Eg er ikkje heilt sikker. Femti, kanskje? Eg er heller ikkje sikker på om det berre er løp i hovudstadene som tel, eller om det gjeld som gjennomført om eg spring i landet, men ikkje hovudstaden.
Det vagt formulerte prosjektet til Pär handlar nemleg om – i løpet av livet – å springa maraton i alle hovudstadene (eller kanskje landa?) i Europa. Sjølv om dette kan høyrast ut som ein fiks idé, er han opptatt av at det skal verka motiverande og ikkje-innskrenkande. Om han ein gong får det for seg at han heller vil gjera noko i, for eksempel, Sør-Amerika, skal ikkje europaprosjektet stå i vegen for det.
– Til no har eg sprunge maraton i Stockholm, Oslo, København, Dublin og, no sist, Praha. Dessutan kan du vel også seia at eg har sprunge maraton i Frankrike, altså i Nice, som ein del av Ironman France. Men før eller seinare kjem eg nok til å melda meg på i Paris. Når det gjeld maraton utanfor Europa, har eg vore med i Seoul (Sør-Korea) og Pretoria (Sør-Afrika). Det kunne ha vore kult å springa minst ein maraton på kvart kontinent, også …
– Til hausten skal eg springa i Amsterdam og i Bruxelles, men der handlar det berre om å ta seg igjennom.
– Sjølv om eg ikkje prøver å springa så fort som mogleg, betyr ikkje det at sluttida er uviktig. Under fire timar er godkjend. Måten eg tar meg igjennom på, må, i ein eller annan forstand, kunne kallast løping. Eg er ikkje interessert i å bruka sju timar på å spasera fire mil.
– Iblant tenkjer eg at det kan vera freistande å springa verkeleg fort ein gong, men kvalitet og kvantitet i treninga kan vera ein vanskeleg kombinasjon. Eg er ganske opptatt av å unngå skadar, nemleg.
– Eg har også tenkt at eg kan ha lyst til å prøva meg på ultraløp. I og for seg har eg allereie spunge Lidingö Ultra, men det er jo berre 8 km lengre enn ein vanleg maraton.
– Det eigentlege treningsmålet i år er Norseman, så eg prøver å finna ei passe fordeling mellom dei ulike disiplinane. Ettersom eg har oppdaga at eg gjerne er i best form i mai, altså altfor tidleg, og at eg kort etter pådrar meg ein eller annan skade, prioriterer eg mengde framfor intensitet no. Treninga før Bergen triatlon for eit par år sidan synest eg fungerte bra, så eg bruker det som «mal» for opplegget mitt. Eg siktar meg mot ei basisveke på to timar svømming, fire timar løping og seks timar sykling. Nokre gonger blir det litt meir, andre gonger litt mindre, men for tida ligg eg stort sett på 10–15 timar i veka.
Pär var også med på Norseman i fjor – året med tidenes verste svømmeetappe. Som så mange andre sleit han i motstraumen og høge bølgjer, og det endte med at han ikkje kom seg på sykkelen. 2012 blir det revansj for Pär og laget.
EIN NOMADISK SAMLAR
– Eg har alltid vore ein samlar. Da eg var yngre, samla eg på ting som frimerke og bruskorker og den slags. Kanskje heng dette maratonprosjektet mitt saman med denne legninga. I vaksen alder har eg flytta mykje, og da er det meir praktisk å samla på noko anna enn ting. Ein maraton opptar ikkje plass i skapet.
Både jobben, idretten og kjærleiken har ført til mykje reising i livet til Pär. Opphavleg er han frå ein stad like ved Stockholm, men no fordeler han tida si mellom Trondheim, Odense i Danmark og Lund i Skåne. Før han kom til Trondheim, studerte han i Göteborg og arbeidde ein periode i Sør-Korea.
Da Pär flytta til Trondheim for nokre år sidan, møtte han norsk-danske Marie-Louise. Når kjærasten bur i Danmark, er det gunstig å ha ein fleksibel arbeidssituasjon. Dataselskapet ARM som Pär jobbar for, har også kontor i Lund, så frå hausten av kjem han til å ha base der.
– Men eg trivest i Trondheim og har lyst til å koma attende. Når Marie-Louise er ferdigstudert, kan det godt henda at vi ender opp her.
– Med tanke på treninga vil eg heller ha bakkar enn vind; motvinden får ein ikkje att på same måte som ein motbakke. Det er også eit argument til fordel for Trondheim.
FRÅ BUNGEEHOPP TIL TRIATLON
– Eg har alltid vore ein type som har likt å bruka kroppen. Tidlegare var eg mer opptatt av adrenalinprega aktivitetar, men eit bungeehopp i Romania tidleg i tjueåra endra ein del på det. Hengjande opp-ned kjende eg at noko var feil: Dingsen rundt foten var liksom så ekkel. Da eg endeleg kom ned på bakken, viste det seg at noko var alvorleg feil. Eg hadde fått kompliserte brot fleire stader i venstrebeinet og måtte bruka krykkjer dei neste 15 månadene.
– Etter dette vart eg nok mindre interessert i å driva ekstremsport. Ein kan ha mykje artig med kroppen – når den fungerer … og kondisjonsidrett er hakket mindre risikabelt.
I Sverige finst det noko som kallest «en svensk klassiker»: kombinasjonen av Vasaloppet (90 km på ski), Vätternrundan (300 km på sykkel), Vansbrosimningen (3 km) og Lidingöloppet (30 km løping). Dette var ei utfordring som passa Pär. Og herifrå er vegen til triatlon ganske kort.
– Det finst eit sykkelritt frå Stockholm til Göteborg som eg hadde lyst til å vera med på, men på dette arrangementet må ein ha følgjebil, og dette syntest eg det var litt styr med. Da eg nemnde det for søstera mi, sette ho meg på tanken om dei lange ritta i Norge. Dette var jo også velorganisert langdistanseslit, men med meir moderate krav til at deltakarane har eit eige opplegg.
– Den store styrkeprøven gjennomførte eg faktisk to år før eg flytta til Norge. Undervegs fekk eg høyra om Jotunheimen rundt, som eg meldte meg på året etter. E6-syklinga kjenner eg meg ferdig med, men Jotunheimen rundt lokkar enno. Desse flotte turritta er ein god grunn til å bu i Norge.
– Om eg skal samanlikna løping og sykling, vil eg seia at det beste med sykling er betre enn det som er bra med løping, og det verste med sykling er verre enn det verste med løping. Fridomskjensla er større på sykkel. Samtidig er det meir prakk med utstyr, vasking, kulde og regn. Det fine med løping er at det er så enkelt.
– Eg synest eg har funne ei god marsjfart når eg spring, og eg er vel ein ganske seig type. Samanlikna med mange andre ser eg at eg relativt sett er sterkast på slutten av løpa. Det er vanskelegare å finna same gode flyt på sykkel.
– Triatlon er heilt klart artigare enn maraton, men logistikken rundt eit maratonløp er så utruleg mykje enklare. Har du trent godt, er det berre å pakka skorne i sekken, og du er klar til start.