SPØRSMÅL: Kva er skilnaden på ein joggar og ein løpar?
SVAR: Eit startnummer.
Ole Kristian Brattli meiner at denne gåta kan fortelja noko om hans haldning til trening og triatlon. Han liker nemleg å ha mål – noko å strukturera aktivitetane sine rundt. Ergo er han løpar og ikkje joggar. Eit av dei uttalte måla han har, er at han skal gi seg sjølv ein ironmankonkurranse i førtiårsgåve. Han har eit halvt tiår på seg.
I dei krympande snøflekkane som er att i innkjørsla til familien Brattli på Heimdal, kan vi sjå spor av sykkelhjul. Forsvarleg sikra med både bøyle- og kabellås står ein fin terrengsykkel inntil ein stolpe utanfor inngangsdøra. Det er sjølvsagt pappa Ole Kristian som bruker sykkelen på veg til og frå jobb. Jobben – som går ut på å utvikla programvare i det amerikanske firmaet Atmel – er rett borti høgget. Han kunne like gjerne ha gått, men det tar bittelitt meir tid, og dessutan høyrer han til blant dei som ikkje har noko imot å la teknologi og duppedittar spela sentrale roller i kvardagar og fritidsaktivitetar.
I kjellaraen heng det ein nesten ferdigbygd sykkel. Ole Kristian liker å laga ting; i tillegg til å vera fascinert over teknologien synest han er vakkert å vera herre over den. Han har kjøpt ei brukt temporamme som han driv og monterer. Vi prøver å ta eit bilde av byggjeprosjektet og skaparen.
– Sørg for å få med minst mogleg av rotet, da, seier han.
Kjellaren er nesten ferdig. Det har den vore i fem år. Ole Kristian har hovudet fullt av idear, og han set gjerne i gang med nye prosjekt, men vedgår at det iblant kan mangla litt på fullføringa.
For ein moderne, yrkesaktiv mann med to døtrer på seks og ni år er det ikkje alltid like enkelt å få kabalen til å gå opp. Når ein også i utgangspunktet er av den sorten som liker å ha ein plan og følgja den, kan dette med trening fort føra til visse frustrasjonar.
– Korleis legg du opp treninga di?
– Eg liker godt å trena om morgonen, før jobb. For det første er det praktisk, og for det andre gjer det arbeidsdagen og kvelden så mykje betre. Eigentleg er det løping eg liker best, men med ein stor og tung kropp er det viktig å passa seg for skadar.
Ole Kristian trener mest aleine – om ein kan kalla spinningtimar aleinetrening, da … Ei typisk veke, når alt klaffar, kan sjå omtrent slik ut: løping måndag kveld, svømming før jobb på tysdag, løping og litt svømming før jobb på onsdag, sykkeltur rundt Byneset før jobb på torsdag, og gjerne langkøyring av noko slag i løpet av helga.
Det siste året har likevel vore litt ustrukturert, og i løpet av vinteren har han trent omtrent tre og ein halv time i gjennomsnitt per veke.
Før han starta i datafirmaet Atmel for nokre år sidan, trente ikkje Ole Kristian i det heile tatt. Atmel har eit aktivt sykkelmiljø, og der kom han fort i kontakt med kollegaer som hadde gjennomført ironmankonkurransar. Det merkelege var at det slett ikkje var snakk om senete sylfider som sov høgdetelt. Tvert imot skjønte Ole Kristian at det å vera kraftig bygd ikkje var til hinder for å driva med triatlon. Gnisten var tent.
Etter ein periode som internettriatlet fann han ut at den enklaste måten å få prøvd triatlon IRL (i levande live) var å arrangera noko sjølv. Sommaren 2008 fekk han med seg 10–12 andre og drog i gang ein kort konkurranse med utgangspunkt i Kyvatnet på Byåsen. Etter dette kom han til at han gjerne ville pusta liv i triatlonmiljøet i Trondheim. Det eksisterte ein klubb frå før, og med litt nettverksbygging kom det til nykonstituering av Trondheim triatlonklubb vinteren 2009.
– På mysteriøst vis kom eg meg unna utan styreverv! ler Ole Kristian.
Når han får spørsmål om kva som motiverer han, ler han enda meir.
– I det siste har eg stilt meg sjølv det same spørsmålet, må eg vedgå. Det har ikkje klaffa heilt i vinter. Men jo … Det helsemessige er sjølvsagt ein motivasjonsfaktor. Eg ønskjer jo å ta vare på helsa. Og så er det dette målet om å gjennomføra ein fulldistansetriatlon, da.
Han held fram og vedgår at også teknologi kan spela ei rolle som motivator: – Eg hugsar den gongen eg spelte bass: Nytt stæsj gjorde at eg øvde meir. Så enkelt. Sånn er det med treningsting òg. GPS og pulsmålarar gjer at eg trener meir. Når eg studerer grafane etterpå, gjer eg meg sjølvsagt nokre tankar om økta, men det viktigaste bidraget teknologien har til treninga, er at tinga ropar om at dei skal brukast.
– Mange seier at vegen er målet. Skal eg vera ærleg, stemmer nok ikkje dette heilt for meg. Eg må ha mål for å koma meg på trening. Eg er kanskje ikkje noko konkurransemenneske, men gjennomføringa – å nå måla for min eigen del – er viktig. Eg ønskjer å ha klare mål og ein fast rytme.