– Eg tenkjer på det kvar dag. Det er forbløffande mange detaljar som skal på plass.
Det er mindre enn ein månad til Trondheim triatlon, og sjefen for det heile er spent, men trygg.
– Eg er sjølvsagt spent på om alt vil gå bra. Det verste for ein arrangør er uhell, men det er ingen grunn til at vi skal vera meir utsette for den slags enn andre.
– Vi manglar enno ein del frivillige, men det piplar heile tida inn meldingar frå folk som ønskjer å bidra. Til saman treng vi 60 funksjonærar. Det høyrest mykje ut, men eg trur vi er sånn omtrent i rute. Mange av klubbmedlemmene har meldt seg. Desstuan stiller familiemedlemmer til fleire av dei som skal delta, opp. Eg reknar med – og håper – at enda fleire melder seg når det nærmar seg 25. august.
– For å få eit såpass omfattande arrangement som dette til å fungera er vi også avhengige av velvilje frå ein del eksterne aktørar. Både politiet og hamnevesenet har vore positive. Eg synest å merka begeistring for tanken om at hamneområdet kan brukast på nye måtar. Vi har hatt visse utfordringar med omdirigering av bussane rundt pirterminalen, men AtB har kome oss i møte og funne ein alternativ trasé. Alt ser i grunnen veldig greitt ut.
– Trongen til å pønska ut nye konkurransekonsept er nok ganske typisk for triatletar. Dei tre disiplinane innbyr jo til å finna spesielle og interessante løyper. Grunnideen til Trondheim triatlon vart påtenkt i baksetet av ein bil på veg heim frå Aurlandsfjellet Xtreme Triathlon i 2011. Munkholmen måtte opplagt vera med, og så var det å spinna vidare på det.
– I og med at vi har valt å kalla oss Trondheim triatlonklubb, har vi påtatt oss eit spesielt ansvar for at noko som dette kan skje i byen. Det er jo vi som er triatlonklubben i vår del av landet. Eg synest det er fint å vera med på å skapa noko som elles ikkje ville ha eksistert.
– To gonger tidlegare har vi prøvd å dra i gang noko i lag med bedriftsidrettskretsen, men begge gongene måtte vi avlysa på grunn av for få påmeldte. Heller ikkje på konkurransane i triatlonkarusellen har vi opplevd veldig stor oppslutning. Trondheim triatlon 2013 har til saman 140 startplassar, og ut frå interessa trur eg godt vi kunne ha hatt dobbelt så mange. Det er tydeleg at folk oppfattar at dette er noko anna.
– For mange er det å delta i triatlon ein stor og ambisiøs ting, og kanskje er det noko med at arrangementet dei debuterer i, bør stå i stil med prestasjonen. Ein vil gjerne at det skal vera storslagent alt første gongen.
– Gjennom vinteren og våren har eg sett klare teikn til at dette kan bli eit løft for Trondheim triatlonklubb. Vi har fått stor tilvekst av nye medlemmer, og tidlegare i sommar fekk vi for første gong 100 namn på medlemslista. No er vi ikkje lenger berre ein liten vennegjeng som driv med triatlon; vi er eit ekte idrettslag. Ting fungerer betre, og styret har vorte flinkare med delegering av ansvar.
– Som styreleiar har eg fått møta ulike folk som har triatlon som interesse. Fleire gonger har eg vorte slått av kor mykje som skil dei frå kvarandre – både i korleis dei trener og i kva som motiverer dei. Somme trener nesten berre svømming, andre i hovudsak sykkel eller løping. Somme held seg stort sett til treningssenteret; for andre er det utenkjeleg å trena innandørs. Somme er svært konkurranseorienterte, men det finst også dei som nesten ikkje bryr seg om prestasjonar og tider. Dette er nok sportens natur: Vi er ei samling individualistar.
– Inntrykket mitt er at ein grovt kan dela inn triatletar i tre kategoriar. Den eine gruppa er eventyrarane eller friluftsfolka. Dei som høyrer til her, er typisk ikkje veldig opptatte av prestasjonen, men mest av opplevinga. Ei anna gruppe er «ut-av-sofaen»-folka. For desse er triatlon først og fremst ei gulrot. Vidare har du dei som alltid har trent, som har sykla Birken og gått turrenn, og som er nysgjerrige på noko nytt.
– Sjølv høyrer eg kanskje til blant dei siste. Eg er ein jobbsyklist som vil ha noko ekstra. Eg trener berre ute; det er ein stor del av poenget. For meg bør trening alltid ha eit element av tur. Til og med svømming skal helst vera sånn.
Som ungdom var Lars skiløpar, og mens han studerte, spelte han fotball. Livet som oksygensnappar starta i 2004, da han fekk ny jobb ved filosofisk institutt ved NTNU.
– Eg sykla til og frå jobb, og eks-svogeren min meinte at eg burde bli med på Den store styrkeprøven. Der var eg med i 2009 og 2010. Sjølv om det var sykling eg dreiv med, fall det seg naturleg også å bruka løping i treninga. Sykkeltrening skjønte eg ikkje så mykje av, mens løping var velkjende greier frå den tida eg gjekk på ski. Eg liker også å tenkja at fotballen i studietida vitnar om ein slags kontinuitet.
– Vinteren 2009–2010 budde vi ein periode i Australia, og det var der eg oppdaga triatlon.
I år er husbyggjing og løping som gjeld for Lars. Familien har nemleg kjøpt eit gammalt hus med oppgraderingsbehov på Berg.
– Det blir nok lite triatlon på meg denne sesongen. Eg går i planar om å springa ein maraton i løpet av hausten – gjerne i Dresden, og gjerne under tre timar.
– Løping har vorte den nye jobbsyklinga, og no spring eg ein til to timar om dagen. Det er ganske mykje, men likevel mykje mindre enn om eg skulle ha trent målretta på sykkel. Sykkeltrening kan ein jo bruka bortimot uendeleg mykje tid på, mens løping i større grad begrensar seg sjølv. Som oftast spring eg til jobb på Dragvoll eller Øya, og på ettermiddagen tar eg ein omveg heim.
– Når eg kjem heim frå ein løpetur, er det nesten som å vakna. Eg trur eg kan samanlikna løping med å drøyma. Iblant innbiller eg meg at eg skal løysa eit problem når eg er ute og spring, men det viser seg om att og om att at det ikkje er sånn det fungerer. Sjølv dei enklaste tankerekkjer eller reknestykke blir umoglege når eg spring.
– Eg har aldri forstått dette med å ha musikk til trening. For meg er det aktiviteten som er målet. Likevel trur eg ikkje at dette er uttrykk for eskapisme. Eg spring som eit barn. Løpinga er noko eg berre gjer, nesten som å sova. Sjølv om eg ikkje tenkjer når eg spring, foregår det kanskje ei slags «elting» av erfaring.
– Det er uforklarleg artig å springa, for gåing liker eg slett ikkje. Eg får ingenting ut av det. Filosofar er ofte vandrarar, kanskje fordi er gåing kompatibelt med tenking. Å gå tur i lag med nokon og diskutera eit problem kan i og for seg vera produktivt, men sjølve gåinga har aldri gitt meg noko. Pussig at eg skal lika løping så godt … Tydelegvis er det ein stor skilnad i det at begge beina er oppe frå bakken samtidig.
– Eg tar meg stadig i å bli fascinert over at det er eg som gjer dette, at det er eg som spring så fort og så langt. Ja, løping er artig! Fotball er også artig. I grunnen er all idrett artig.
– Stort sett trener eg aleine. Eg liker godt å vera på tur i lag med andre, men opplever det som radikalt annleis. Med selskap på løpeturen må ein jo halda praten gåande; det er forventa at ein er koherent og sånt …
– Sjølv om eg kan lika konkurransar, er eg ikkje typen til å trena intervall tre gonger i veka. Men det er artig å sjå kva ein er god for. Det er nok det som gjer maraton så forlokkande. Ein må gjera det ordentleg. Ein analogi kan vera å byggja hus eller bryggja øl: Det er tilfredsstillande å vita at ein har gjort skikkeleg arbeid. Ein må leggja noko i det; det må kjennast viktig på sitt vis.
– Eg har også vore fascinert av kortare konkurransar. Jo kortare, desto verre – men det er også ein del av poenget. Korte løp blir veldig samanliknbare, og dei krev at ein heile tida er til stades i det ein gjer. Sånn sett blir det eg opplever på desse løpa, ei motsetning til drøymeriet i den daglege treninga.
– Eigentleg konkurrerer eg ikkje med andre enn meg sjølv. Samtidig har eg sett mål av meg til å springa maraton under tre timar. Det er berre eit tal, men eg forestiller meg at tre timar indikerer grensa til eit nytt «territorium». Og eg vil gjerne dit.
– Å trena til maraton er eit stort prosjekt. For mange vil det vera eit prosjekt over fleire år. Eg liker å store prosjekt. Det handlar i stor grad om det «episke» elementet. Eg er opptatt av at ting skal vera ein del av noko større, at det kan forteljast ei historie – at eg tar del i ei historie. På den andre sida betyr dette kanskje at eg ikkje er så flink til å leva her og no?
– Å leva med eit prosjekt, å vera i noko … det kan fort bli skipla. Akkurat no er løpinga ein integrert del av livet mitt. Det går av seg sjølv, og eg trivest med det. Men eg har ikkje vanskeleg for å sjå for meg at det kan ta slutt. Kanskje startar eg med klatring i staden?