Vibeke Nørstebø – frå fotgåtte skiløyper til Ali’i Drive
Vibeke Stærkebye Nørstebø (30) har reist frå hausttunge Trondheim til det solglitrande Stillehavet. Laurdag 8. oktober skal ho måla krefter med verdas mest gjennomtrente menneske i Ironman Hawaii.