Posted by on 19. juni 2010

Av dei to aller mest vanlege forestillingane om langdistansetriatletar er det berre den eine som stemmer når det gjeld Wiggo Røst. Rett nok trivest han med å trena aleine, men han er slett ikkje den stereotype gærningen som bruker all si tid på trening. I fjor sommar, etter meir enn eit tiårs avbrekk frå sporten og same år som han fylte 50 år, sette han personleg rekord på ironmandistansen. – Men i oppkøyringa trente eg aldri meir enn 14 timar i løpet av ei veke, kan han fortelja.

Eit kvarters rask gange innover skogen frå bakketoppen ved Rye på Byneset ligg husmannsplassen Einbakken. Det er hit vi er inviterte for å ta ein ettermiddagsprat med grunnleggjaren av Trondheim triatlonklubb. Vi tar bussen frå byen og følgjer den gamle driftsvegen mellom Byneset og Trondheim til fots, gjennom ei grind og opp nokre bakkar. Det er liten tvil om at vi har kome til riktig hus. Her står terreng- og racersyklar innved ein garasje, ein fornuftig familiebil er parkert på tunet, og utanfor inngangspartiet har dei som bur her, sparka av seg møkkete, velbrukte joggesko.

Staden er ein draum for naturglade individualistar. Vi er midt i skogen, men har utsikt vidt over fjorden. Som ein moderne Isak Sellanraa har Wiggo skapt Einbakken om til sitt lille økoparadis. Bak lafta vegger er det elektronisk klimastyring. På plena utanfor skjøttar ein automatisk plenklippar si sisyfosplikt, velfungerande og diskret. I stua får vi servert varmt vatn med lime og ein foss av entusiasme og refleksjonar. Ein energisk, men samtidig tenksam atmosfære pregar heimen til Wiggo, Anne Torhild og sonen Sevald.

Wiggo er ikkje redd for å gjera ting på sin eigen måte. Han tenkjer nytt og innovativt. Lenge før triatlon var ein kjend idrett i Norge, etablerte han og kona Anne Torhild Trondheim triatlonklubb. Etter oppstarten hadde dei 10–12 medlemmer, men så dabba det av, og i åra fram mot gjenopplivinga vinteren 2009 var Trondheim triatlonklubb i praksis lite anna enn ei adresse på Byneset.

– Vi skipa vel klubben i 1989–1990, men da hadde vi drive med dette i fleire år alt.

Dei to har ei innhaldsrik historie som triatlonpar. Ein periode farta dei rundt og deltok på konkurransar i eitt sett.

– På det meste var vi med på rundt 30 konkurransar i året: triatlon, sykling, løping, …

25 år som triatlet

Wiggo debuterte som triatlet i 1985, i Oslo triatlon, som den gongen vart halde på halv ironmandistanse. Året etter var han med på fulldistansen i Hof i Vestfold, og i 1987, da same konkurranse hadde status som norgesmeisterkap, kom han på fjerdeplass. Ironman Hawaii har han vore med på to gonger, i 1986 og 1987. Siste gongen braut han, og sjølv hevdar han at heller ikkje den første gongen var vellykka, idrettsleg sett.

– Faktisk er det Anne Torhild som har den beste plasseringa i ein triatlonkonkurranse, skyt han inn. I 1991 vann ho dameklassen i Oslo triatlon.

Mellom den mest aktive perioden og Ironman Switzerland i 2009 hadde Wiggo eit opphald frå triatlon i rundt 15 år.

– Eigentleg treng eg ikkje konkurransane, seier Wiggo. For meg er det å halda seg i form motivasjon god nok. Men har eg først bestemt meg for å konkurrera, blir eg straks meir målretta. Med tida har eg også lært kroppen min å kjenna, og eg veit ganske godt kva som skal til for å koma i konkurranseform.

Resultatet frå Ironman Switzerland viste at denne kunnskapen også fungerer i praksis. Ein femtiåring som persar på fulldistansen etter eit avbrekk frå konkurransar i mange år, er ikkje kvardagskost – særleg ikkje når han har nedprioritert den tradisjonelle mengdetreninga. Tida i mål vart 10.25,53 – med svømmeetappen unnagjort på under timen, sykkeletappen på litt over fem og ein halv og maraton på 3.47,38.

At han brått fekk det for seg at han atter skulle delta i ein ironmankonkurranse, heng saman med at han vinteren 2006–2007 kom i prat med ein annan kar som svømte i Pirbadet. Christian Bauer, innflytta svømmar og triatlet frå Tyskland som seinare også har vorte med i Trondheim triatlonklubb, fortalde at han skulle til Zürich i 2008. Så var interessa tent på ny, og i fjor reiste dei nedover i lag.

I tillegg til gode resultat frå triatlon har Wiggo fleire andre idrettslege eventyr å sjå tilbake på. Mellom anna er han den som har svømt fortast over Trondheimsfjorden. Den approberte strekninga er Vanvikan–Trondheim, og rekordtida på 4 timar og 48 minutt har stått sidan 1988.

– Men svømming lærte eg først i vaksen alder, forsikrar mannen bak bragden – som også har medaljar frå masters-NM.

Han legg ut om førebuingane til fjordkryssinga. Etter å ha prøvd ein gong og mislyktest skjønte han at han måtte ha ein nøye uttenkt strategi om han skulle greia brasane. For lite kroppsfeitt og sjokolade som niste hadde vist seg å slå feil. Lange svømmeøkter i sjøen heile sommaren igjennom var essensiell trening, og næringa undervegs tok han til seg frå ein termos med lunken blåbærsuppe.

– Eg var godt trent og hadde ekperimentert meg fram til noko eg visste at fungerte. Det høyrest kanskje arrogant ut, men da eg kom i land ved Skansen, tenkte eg at no kunne eg godt ha svømt heile vegen attende. Og det trur eg faktisk er sant!

Vi lurer på om ikkje dette er ein fyr som har ein særleg velutvikla sans for det ekstreme.

– Tja, eg hadde kanskje det. Men det er ikkje sånn at eg for ein kvar pris må gjera det som er mest ekstremt. I triatlonsamanheng har eg til dømes ikkje spesielt lyst til å vera med på Norseman. Da gjer eg mykje heller eit forsøk på å gå under ti timar på ein vanleg ironman.

– Tida i mål har alltid vore ein motivasjonsfaktor. Eg liker å ha målsetjingar og nå dei; å delta berre for å fullføra er ikkje min stil.

Liker å gjera det «rått»

– Ein av grunnane til at eg, trass alderen, gjorde det såpass godt i Sveits i fjor, var ganske sikkert at eg ikkje er «oppbrukt» som idrettsmann. Eg har alltid trent og halde meg i aktivitet, men ikkje hatt noko konstant hardkøyr til å bryta ned kroppen. Eg har sprunge i skogen og svømt ein heil del, utan at eg har drive med målretta triatlontrening.

Men har han først sett seg eit mål, trener Wiggo som han konkurrerer. Skal han over fjorden, legg han treninga til sjøen. Skal han springa fort i konkurransesamanheng, spring han fort på trening. På sitt beste sprang han mila på 34,30, og same distanse tilbakelagt på trening tok typisk berre minuttet lenger.

– Eg trener nesten berre på høg intensitet. Pulsklokke bruker eg ikkje; den vil berre fortelja at eg trener for hardt.

Heller enn å bruka tida på lange, rolege sykkelturar, slik mange triatletar og aktive syklistar har for vane, kliner han til med eit par timar samanhengjande hard sykling liggjande i tempobøylen. I forkant av Ironman Switzerland sprang han ein halvmaraton kvar veke – fort og aleine.

– Hadde eg trent litt smartare da eg var yngre, kunne eg sikkert ha oppnådd betre resultat. Men sjølv om eg veit kva som fungerer for meg, tviler eg sterkt på at eg kunne ha vore nokon god trenar for andre. Eg kjenner min kropp og veit kva slags trening som fungerer for meg. Eg liker kjensla av ei effektiv treningsøkt, men forstår godt at mitt opplegg ikkje ville ha fungert for alle.

Anne Torhild blandar seg i samtalen: – Wiggo kunne ikkje ha vorte nokon toppidrettsutøvar. Han ville aldri i livet ha underkasta seg regimet til ein trenar. Han går lei om han ikkje får gjera ting på sin eigen måte.

– Det er nok sant, svarer Wiggo. Eg liker å gjera ting litt «rått». For eksempel fører eg ikkje treningsdagbok, men likevel har eg jo nokså klare tankar om korleis eg bør trena.

– Dreiv du med idrett da du var barn?

– Kondisjonsidrett starta eg faktisk ikkje med før eg var godt oppi tjueåra. I tenåra dreiv eg rett nok med vektløfting. Eg voks opp på Tempe, og Nidelv IL hadde eit svært aktivt vektløftarmiljø. Men vektløfting er jo noko heilt anna enn triatlon.

I ein parentes nemner Wiggo at han også har ein sølvmedalje frå NM i vektløfting.

Miljø og innovasjon

22 år gammal – for snart 30 år sidan – starta Wiggo sitt eige firma. Han ville få nordmenn til å forstå kva varmepumper var. I dag har fleire fått opp auga for miljøvennlege og energisparande løysingar i heimen, men den gongen var produktet hans så godt som ukjend på den norske marknaden.

– Faget mitt er kjøleteknikk, men det har alltid vore energiøkonomisering og miljø som har opptatt meg mest, seier han.

– Det er jo litt trist, held Wiggo fram, at straks det er snakk om å byggja miljøvennleg i norske heimar, spør folk seg korleis dei kan bruka minst mogleg pengar. Dei vil vita kva som skal til for at dei tener inn investeringa. Men kjøper dei ein sofa eller eit spisebord, er det ingen som stiller spørsmål om inntening. Med miljø er det annleis. Det skal liksom ikkje kosta noko.

Heimen ber tydeleg preg av nytenking og fiffige måtar å spara energi. Dei fleste golva har vassboren varme henta frå eit hòl eit par hundre meter under huset, og han har montert sensorar som registrerer aktivitet i dei ulike romma.

– Lysbrytarane er så godt som ubrukte. Når vi går ut, slår alle unødvendige strømforbrukarar seg automatisk av, og er det ikke folk i stua, lyser heller ikkje lampene der inne.

Firmaet han etablerte i ungdommen, vart seinare selt til ABB. No har han fleire nye prosjekt på gang – noko i same leia og noko på heilt andre område.

Dei siste åra har Wiggo vore med på å lansera ein ny type sportsernæring. Hovudproduktet er ein sportsdrikk basert på guaraná, ei av dei såkalla «superfruktene» frå regnskogen i Brasil. På smak liknar det litt på Red Bull, men ingrediensane er 100 % naturlege. Selskapet Amazon Secret tilbyr også eit kosttilskot laga av açaí – ei bombe av antioksidantar i pulverform, produsert her i Trondheim.

– Vi har vore opptatt av å levera noko som er rettferdig og økologisk forsvarleg. Vi handlar direkte med bøndene i Brasil, og dersom vi etter kvart tener pengar på dette, har vi eit system for å føra noko av gevinsten tilbake til samfunnet i regnskogen.

Marknadens og idrettens grøde

Den som les Dagens Næringsliv, vil kjenna til koplinga som har oppstått mellom forretningsverksemd og kondisjonsidrett. Den mest innsiktsfulle jouralistikken i landets viktigaste økonomiavis handlar om trening. Er det kanskje nokre av dei same drivkreftene som ligg bak idrettsprestasjonar og suksess i næringslivet?

– Du har satsa og hatt suksess i både idrett og forretningar. Ser du nokon samanheng?

– Tja, det kan vel vera ein samanheng, utan at eg har tenkt så nøye over det. Kanskje er det noko i dette med utfordringar. Samtidig vil eg seia at idrett på mange måtar er lettare å få til enn forretningar. Skal du starta ei forretningsverksemd, investera krefter og pengar i noko som i utgangspunktet er usikkert, risikerer du mykje meir. Faktisk kan det mange gonger vera snakk om å risikera det ein heil familie skal leva av. Hugs at noko sånt som ni av ti nyetablerte firma går dukken etter relativt kort tid. Mislykkest du i forretningssamanheng, kan tapet fort gå utover andre. Også når det gjeld det å lykkast, er du mykje meir avhengig av andre.

– I idrett er det annleis. Der er nesten alt opp til deg sjølv.

Posted in: Intervju