Dei to raskaste kvinnene i årets utgåve av Styrkeprøven er begge medlemmer i Trondheim triatlonklubb. Kva driv sånne folk med om vinteren? Møt Vibeke (35) og Anne-Katrine (25)!
Etter 15 timar og 12 minutt saman med resten av førstelaget til Trondhjems Velocipedklub (TVK) kunne Vibeke og Anne-Katrine konstatera at dei var først til Oslo av alle kvinnene i årets utgåve av Styrkeprøven. Offisielt var dei likevel ikkje vinnarar av dameklassen – for dei stilte i mennenes lagkonkurranse, der TVK tok ein fin tiandeplass samanlagt.
Anne-Katrine hadde sykla Styrkeprøven tre gonger tidlegare, men aldri som ein del av eit så samkøyrd og raskt lag. Vibeke hadde eit bra grunnlag med mange ritt i beina, men dette var første gongen i Styrkeprøven. Før rittet kjende begge seg usikre på det å leggja i veg med førstelaget. Gapa dei for høgt?
– Eg hadde fått råd om å få i meg næring heile vegen, seier Vibeke. Så eg pakka i meg, og det gjekk heilt fint, jo!
– Det var eigentleg andrelaget eg skulle sykla med, fortel Anne-Katrine, og ei stund lurte eg på om ikkje det òg var for ambisiøst. Men eit par veker før rittet bestemte eg meg for å ta imot plass på førstelaget. Og no i ettertid tenkjer eg at eg nok villa ha angra om eg hadde kome i mål på 16 og ein halv time i staden. Første gongen eg var med, brukte eg 30 timar. Differansen mellom tidene eg hadde frå før, og ned til årets resultat verkar så stor!
– Eigentleg synest eg det er meir imponerande å sitja på sykkelen 30 timar i samanheng enn å delta på eit raskt lag, slik vi gjorde, skyt Vibeke inn.
– Fordi eg har sykla stadig fortare, kjennest distansen Trondheim–Oslo også kortare, legg Anne-Katrine til.
Seinare på sommaren skulle Vibeke delta på fulldistansetriatlon i Kalmar i Sverige: – Styrkeprøven var mykje lettare!
Anne-Katrine og Vibeke har ganske ulike livssituasjonar. Til felles har dei kjærleiken til sykling og variert fysisk aktivitet. Anne-Katrine bur aleine og er student. Vibeke lever familielivet. Også når det gjeld trening, er dei to ulike. Anne-Katrine trivest best med roleg langkøyring, mens Vibeke synest hard trening er deilig. Om vinteren ligg begge på omtrent ti timar trening i veka.
Vibeke jobbar som laboratoriumsingeniør på St. Olav, er trebarnsmamma og gift med ein annan ivrig syklist. Det må da vera vanskeleg å ha ein mann med ein såpass tidkrevjande hobby?
– Eigentleg er det mykje enklare å få tid til trening når begge har same interesse. Ein får betre forståing for den andres behov – og innrettar seg etter det. I helgene gjer vi det gjerne sånn at den eine tar langtur på laurdagen, mens den som er heime, tar ei kort kveldsøkt. Neste dag byttar vi.
Dei to eldste barna er tvillingar, ein gut og ei jente som akkurat har nådd skolealder. Yngstemann er fem år. Vibeke ser store fordelar med at barna er så nær kvarandre i alder: – Ettersom dei høyrer til omtrent same målgruppe, er det vanlegvis ikkje nødvendig å skilja dei for å finna aktivitetar som passar.
Vibeke har alltid vore aktiv, men det var nok mannens interesse som opna auga hennar for sykkelsporten. I unge år spelte ho handball og fotball, og i vaksen alder har ho halde seg i form med joggeturar og trening på treningssenter. Vibeke kjøpte racersykkel i 2008 og var med på rittet Trondheimsfjorden rundt. Ho skjønte fort at det var sykling som skulle bli hennar «greie».
– Eg elskar den «flygande» kjensla eg får på sykkelen. Om eg berre hadde oppdaga denne idretten før!
Om vinteren skjer mykje av treninga til Vibeke inne. Eit snev av astma gjer at ho ikkje toler kald luft så godt, men det hindrar henne ikkje i å trena hardt.
– Eg kan gjerne ha tre dagar etter kvarandre med hard trening. Folk er ulike, men det verkar som eg responderer godt på det. Eg liker å pressa pulsen opp mot maks.
– Langtur på tredemølle er heilt greitt, synest eg. Eg kan godt halda det gåande i to timar, men blandar alltid inn nokre hardare drag for å få tida til å gå. Øktene blir ofte lengre enn planlagt: Eg skal «berre» springa 15 km, og så – når eg først er der – blir målet gjerne omgjort til 20 km. Og sånn held eg no på …
På fredagane trener Vibeke gjerne spinning i lag med ektemannen. I tillegg blir det noko styrketrening og svømming. Dessverre har ei skulder ute av ledd sett ein stoppar for det siste akkurat no.
– Etter planen skal både mannen og eg vera med på Challenge Copenhagen (fulldistansetriatlon) til sommaren, men vi får sjå korleis det går med treninga. Eg stiller ikkje til start berre for å ta meg igjennom. Eg vil vita at eg er i form til å køyra raskt.
Anne-Katrine er oppvaksen på Lovund i Nordland – ei øy med berre fem kilometer veg! Korleis kan det koma syklistar frå ein sånn stad?
Da Anne-Katrine sykla Styrkeprøven første gong, var ho 19 år og hadde akkurat gjort unna eit år på folkehøgskole.
– Eg tenkte at det er no eg må gjera det. Eg var i god form etter mange fjellturar, men Trondheim–Oslo var lengre enn alle dei tidlegare sykkelturane mine til saman.
– Eg har alltid hatt ein fascinasjon for langdistanseslit. Sjølv om vi ikkje hadde vegar å sykla på, trente eg mykje i fjellet mens eg budde på Lovund. Og Styrkeprøven hadde eg sjølvsagt høyrt om – syntest det verka artig. Eg har eit søskenbarn som var engasjert i sykkelklubben i Sandnessjøen. Eg vart fort hekta sjølv, òg.
– Neste år blir det ikkje Styrkeprøven for min del. Det rittet skal få kvila seg ei stund. I staden skal eg vera med på andre ting. Nokre temporitt, kanskje Tour of Jämtland, … Vi får sjå.
– Noko av det aller beste med syklinga er at den tar meg med omkring i landet. Naturopplevingane frå sykkelsetet er ein av dei viktigaste motivasjonsfaktorane for meg.
– Før eg kom til Trondheim, studerte eg marine fag i Tromsø, så no har eg eit sykkelmiljø i tre byar! Og syklistar er ofte interessante folk å prata med. Ein god langtur kan vera skikkeleg sosialt.
I tillegg til å ha ein fot innanfor sykkelklubbar i både Sandnessjøen, Tromsø og Trondheim sit Anne-Katrine i styret i Trondheim triatlonklubb. Sjølv om ho ikkje har hatt for vane å delta i triatlonkonkurransar, er det natruleg å vera medlem i triatlonklubben, synest ho. I sommarsesongen er det sykkeltreninga som blir vektlagt. Det er helst om vinteren ho trener som ein triatlet.
– På denne tida av året prøver eg å få seks økter i veka: to styrkeøkter, to langkøyringsøkter og to intervalløkter. Men trening over terskel bruker eg berre til spissa form. Når det er kaldt, kan eg like gjerne vera i svømmebassenget to timar i strekk som å hutra på sykkelsetet. Løping er også ein enkel og fin vinteraktivitet. Mykje og hard sykling ventar eg med til våren.