Sommaren 2007 kom Cathrine Claussen Mediaas (36) over ein artikkel om triatlon i bladet I form. Ho hadde nyleg vorte mor for tredje gong, var prega av eit travelt liv med skiftarbeid og småbarn. Ho var grundig ute av form og i ferd med å bli frustrert av det kroppslege forfallet. Noko måtte gjerast.
INTERNETTRIATLON
– Eg hadde lese og lagt ifrå meg bladet. Nokre veker seinare prøvde eg å finna I form-artikkelen på Internett. Det søket lyktest ikkje, men eg fann utrulege mengder anna stoff om triatlon! Sommaren igjennom vart eg sitjande og lesa nettside opp og nettside ned om den komplette mosjonsidretten og bestemte meg etter kvart for at dette var noko eg måtte prøva.
– Eg brukte vel boritmot eit og eit halvt år som «internettriatlet» før tanken hadde modna. I starten var inntrykket mitt, som hos folk flest, at triatlon var frykteleg seriøse greier – idrett på eit skremmande og vanskeleg tilgjengeleg nivå.
– På den tida var forumet til Oslofjord triatlon møteplassen for norske triatletar. Særleg gjennom det Bent Olav Olsen, som da var leiar i Oslofjordtri, skreiv, skjønte eg at denne idretten hadde god plass til fleire enn berre topputøvarane. Eg hadde sansen for mosjonistprofilen, og for meg er det viktig at miljøet i Trondheim også har lagt seg på same linje.
– Seinare, etter at eg har reist rundt på ymse arrangement og møtt triatletar frå heile landet, har den inkluderande profilen meir eller mindre vorte noko eg ser på som sjølvsagt. Men det kan vera grunn til å minna seg om at dette ikkje alltid er inntrykket dei uinnvigde har. Triatlon har eit image som ekstremidrett, men eg er opptatt av at vi må formidla at det kan vera så mangt. Det er viktig å halda fram at idretten vår kan dyrkast på alle nivå. Når eg ser forumtrådar som blir misforståtte i retning av at langtur på sykkel med snittfart på 35 km/t er vanleg, skjønner eg at det verkar avskrekkande, men eg veit jo at realiteten for dei fleste er ein heilt annan.
BRUKARSTYRT MOSJONISTMILJØ
Det siste året har Cathrine vore styreleiar i Trondheim triatlonklubb. Ho har klare tankar om kva som legg grunnlaget for ein fungerande mosjonistklubb.
– I røynda er det vi sjølve som må skapa det vi ønskjer oss. Med triatlonkarsuellen og dei årlege svømmekursa er vi på god veg til å ha eit attraktivt tilbod til vaksne mosjonistar.
– Sjølv om vi seier at arrangementa i karusellen er å sjå på som trening på eige ansvar, er det ikkje fritt for at eg har kjend ei viss uro med tanken på for eksempel å la barn leggja på svøm utover fjorden. Det er liten tvil om at vi i stor grad baserer oss på at den enkelte vurderer risiko og eigen kapasitet på sjølvstendig grunnlag.
– Per i dag ser eg på klubben mest som ein «vaksenklubb». Med det meiner eg ikkje at vi ikkje skal ta imot unge som vil satsa på triatlon, men før vi kan gå ut i aktivt rekrutteringsarbeid, meiner eg at vi må vera sikre på at vi har eit godt tilbod. Det er naturleg å tenkja at initiativet må koma frå ungdommane sjølve og foreldra deira.
Ingen av barna til Cathrine har gitt spesielt uttrykk for at dei ønskjer å driva med triatlon. Eldstesonen Arvid på 16 går på ski om vinteren og er aktiv o-løpar om sommaren. Sondre på 14 er mest interessert i musikk, men vil alltid vera med på turane familien har saman. Kari Linnea på 6 er snart skolebarn. Ho er også glad i å vera på tur, men enno i yngste laget for aktiv idrett.
– Om barna skulle bli interesserte i triatlon, blir det meir naturleg at eg bidrar til eit ungdomsmiljø i klubben.
På årsmøtet 26. mars gav Cathrine ifrå seg vervet som styreleiar.
– Sjølv om eg ikkje på nokon måte har mista engasjementet for triatlon, har eg kanskje litt mindre energi på den organisatoriske fronten. I 2011 tenkte eg triatlon 24 timar i døgnet, og i lengda eg nok ikkje det så sunt. I år slappar eg meir av.
– Dette handlar jo også om å gi plass til fleire. Eg har så klart tenkt å vera med vidare, og eg trur det er ein gevinst for klubben at ikkje alle som vil gjera ein innsats, svir av kreftene sine på styrearbeid. Det bør ikkje vera sånn at alt som skjer, er initiert og drive fram av styret.
ØNSKJER TRENINGSVENNINNER
Cathrine er opptatt av å få med fleire jenter. Venninna Ann-Kristin er viktig som treningspartner og inspirasjonskjelde.
– Vi støttar kvarandre og passar på at ingen av oss overdriv treninga. Samtidig er det artig å ha ei venninne å trena og reisa til konkurransar i lag med.
– I år har eg vel ei slags sykkelsatsing. Alle konkurransane eg skal vera med på, har mange bakkar, så det er mykje å henta på å bli ein sterkare syklist. Dessutan skal eg gjennomføra Norseman – så snart eg får plass!
Cathrine har nyleg meldt seg inn i Stiftsstadens sykkelklubb, ein nyoppretta klubb som særleg har kvinner som målgruppe.
– Da eg høyrde at dei hadde treningsturar med opptil 17 jenter, måtte eg berre bli med. Eg tenkte at dette måtte vera ein god stad å finna treningsvenninner. Den sosiale biten er like viktig for meg som sjølve treningsutbyttet.
Dei siste par vintrane har Cathrine sykla mykje på rulle. Ho høyrer til blant dei som har fred i sjela til også å ta langøkter innandørs.
– Keisamt, nei? Eg høyrer på musikk eller ser triatlonvideoar på YouTube. Det er berre kos! Å tenkja på at ein skal vera i form til sommaren, er super motivasjon.
– At eg syklar langtur på rulle, heng mest saman med at eg eigenleg ikkje liker hard trening så godt. Eg har tenkt at roleg trening er betre enn inga trening. Men etter kvart som eg har sykla meir, har eg funne ut at intervall og styrketråkk også er ganske OK.
LYST OG PLAN
Eit anna konsept for vintertrening er dei lange turane med tung sekk gjennom skogen. Familien bur på Vikåsen, og dermed er Estenstadmarka eit naturleg trenings- og turområde.
– Eg har trua på det å gå i motbakkar som langturtrening. Når heile familien er på tur, hender det ofte at eg slengjer eit leksikon i sekken for å gi meg sjølv eit «handicap». Dessverre vart det færre sekketurar i forkant av årets sesong. Eg har slite med eit kranglete kne.
– Løpinga har eg heller ikkje fått fasong på. Gjennom vinteren har det kanskje vorte ein gong per 14. dag. I tillegg til at kneet har begrensa meg, synest eg ikkje at løping langs vegane midtvinters er spesielt artig. Det eg liker, er å springa i skogen om sommaren.
– Kanskje er ikkje svømming det eg burde leggja innsatsen i; eigentleg er det disiplinen eg treng minst trening i. Men eg liker svømming, og med årskort i Pirbadet blir det gjerne to–tre økter i veka. Eg tenkjer at det er viktigare at ein finn glede i treninga enn at ein følgjer ein plan optimalisert med omsyn til sportleg framgang. Men eg finn mykje motivasjon i å ha ein konkurranse å sjå fram til, altså. Motivasjon for meg handlar om å kombinera lyst og plan. Målet er viktig, men vegen dit er enda viktigare.
– Sjølvsagt må eg vedgå at framgang er ein viktig motivasjonsfaktor. Prestasjonsmessig gjorde eg eit stort sprang frå 2010 til 2011. Sjølv om sånt er veldig artig, kan ein ikkje gå rundt og forventa at ein blir raskare for kvart år.
KVINNESAMVIT
Som sjukepleiar i natturnus er det lettast å få tid til trening om formiddagen.
– Skiftarbeid har heilt klart sine negative sider, men i og med at eg har nokre formiddagar fri, kan eg leggja ned mykje trening utan at det går utover familien.
– Eg har ofte tenkt at mann og barn ikkje skal bli berørte av trening mi. Men kvifor ikkje, eigentleg? Er ikkje dette typisk «kvinnesamvit»? Interessene våre vil alltid påverka dei rundt oss. Og hadde eg ikkje hatt trening og triatlon, ville det òg ha berørt familien – ganske sikkert på negativt vis.
– Når eg høyrer kvinner som framhevar kor fantastisk og støttande mann dei har, synest eg det er dumt og patetisk. Burde det ikkje vera sjølvsagt at også kvinner skal dyrka hobbyane sine? Likevel må eg seia det same sjølv. Mannen min Joar har ein viktig del i hobbyen min.
– Eg trur ikkje det er feil å seia at treningsinteressa mi har bidratt til at familien bruker marka meir aktivt enn vi elles ville ha gjort.