Posted by on 9. februar 2011

Da Fernando Javier Perez-Fernandez (37) flytta frå heimlandet Cuba til Norge, hadde han knapt brukt hanskar. No er sykkelen framkomstmiddelet hans året rundt.

Fernandos første bustad i det kalde nord var Finnmark. Han kom i desember 2001, frå 25 ºC i Havana til mørketid i Hammerfest. Han hadde jetlag, og døgnet var eit fenomen av homogen, svart kulde. Likevel var det noko som heldt tida i gang og lyste opp eksistensen i arktis. Tidlegare på året hadde nemleg ei nyutdanna legekvinne frå Buvika lagt ferien sin til Cuba. Skylda for den usannsynlege vendinga i ingeniør Perez’ unge liv hadde sjølvsagt kjærleiken.

Neste sommar flytta paret til Trondheim. I oktober 2002 fekk Fernando jobb hos Aqualyng AS i Vanvikan. Selskapet driv med avsalting av sjøvatn – noko det er lite behov for i Norge, men som tilfeldigvis var det fagfeltet kubanaren hadde utdanna seg i.

Sidan har Fernando og kona Vera fått to jenter (på fire og seks år). Familien bur i Sjøvegen på Ranheim. Eldstejenta går i første klasse, og den yngste er i barnehagen.

Ein god start på dagen

Ein vanleg kvardagsmorgon startar med at Fernando følgjer jentene til skole og barnehage før han sjølv skal på jobb. Alt dette skjer ved hjelp av sykkelen. Om vinteren drar han begge ungane i hengjaren, men til sommaren ser han for seg at Paula (6) kan sykla sjølv.

Først går turen til barnehagen, som opnar kl. 0745. Etterpå trillar far og førsteklassing til skolen. Når klokka er åtte, har Fernando akkurat 25 minutt på å nå båten frå Pirterminalen til Vanvikan. Sykkelen er med over fjorden, for i andre enden er det enda fire–fem minutt med tråkking før han er på arbeidsplassen. Om ettermiddagen er det vanlegvis kona som hentar ungane.
– Eg kunne ha tatt bussen, men det er så mange fordelar med å bruka sykkelen i staden. Eg sparer tid, og samtidig har eg gleda av å følgja ungane. Ein slags trening er det jo også, men først og fremst gir jobbsykling ei god kjensle; det er ein god start på dagen.

– Vintersykling er ikkje ekstremt

Heilårs jobbsykling byr likevel på nokre utfordringar.
– Streng kulde kan vera eit problem, spesielt for hender og føter. Finmotoriske oppgåver blir vanskelegare om vinteren. For eksempel greier eg ikkje å festa sykkelvogna utan å ta av meg hanskane. Eg er jo fødd utan hanskar.
– Men som oftast er det ganske enkle grep som skal til: Er det veldig kaldt, går eg ut for å kopla til sykkelvogna eit femminutt før vi skal dra. Slik kan eg starta turen med varme hender.
– Eg synest det er viktig å få fram at vintersykling ikkje er ekstremt. Folk går jo på ski. Påkledingsbehovet for ein vintersyklist er omtrent det same som for ein skiløpar.
– Med vanlege vintertemperaturar burde det i utgangspunktet vera uproblematisk for eit vaksent menneske i normal form å bruka sykkelen som transportmiddel. Det er mange som kan sykla til jobb.
– Men eg skjønner at mange ser mørkt på å sykla om vinteren, altså. Brøytinga kan vera eit problem. Det er tydeleg at vintervedlikehaldet på vegane blir gjort med bilen i tankane. Fleire gonger har eg opplevd å vera på ein gang- og sykkelbane med heilt greitt føre, for så å møta brøytebilen som lempar snø og slaps frå vegbanen dit eg er. Ein kan bli litt oppgitt …
– Det kan også verka som ein del bilistar er meir stressa om vinteren. Kanskje er dei ikkje like innstilte på at dei kan treffa syklistar, heller.

Fernandos råd til vintersyklisten er enkle: – Ikkje ver redd. Kle deg godt, og ver synleg. Sykling om vinteren handlar mest om viljen til å gjera det.

Tenkte aldri på trening

Også på Cuba sykla Fernando mykje. Da han gjekk på universitetet, hadde han to mil kvar veg.
– På den tida var sykkelen det einaste reelle alternativet eg hadde. Men sjølv om eg sykla fire mil om dagen, tenkte eg ikkje på det som trening. Eg trur eigentleg ikkje at eg tenkte på trening før eg kom til Norge.
Fernando er oppvaksen i det han kallar den beste tida på Cuba. Han omtaler perioden frå rundt 1970 og til midten av 1980-talet som nesten eit «paradis». Folk levde godt, kunne ta feriar og nyta velstand.
– Sjølv om levestandarden her sjølvsagt er mykje høgare, likna livet ein del på det vi lever i Norge no.

Med Sovjetunionens fall var det mykje som rakna. Cubas viktigaste handelspartner og internasjonale støttespelar vart borte. Transportsektoren kollapsa fullstendig. Drivstoff var ikkje å oppdriva, og bussane slutta å gå.
– Det var i denne vanskelege perioden, særleg åra 1989–1997, at sykkelen vart så viktig. Folk sykla fordi dei måtte om dei skulle koma seg nokon stad.
Den enklaste og mest effektive strategien i møte med transportkrisa var å satsa på sykkelen.  Staten kjøpte store parti med syklar frå Kina og fordelte gjennom skolesystemet.
– Familien vår hadde bil, men bensin fantest ikkje. Etter dette har faren min fått fullstendig avsmak for sykling.

Heller kos enn konkurranse

– Triatlon? Hm … På ein måte er eg ikkje «ekte» triatlet. Eg har jo aldri vore med på nokon triatlonkonkurranse. Men kanskje er eg likevel triatlet? Eg koser meg med allsidig trening.

Sidan april i fjor har det vore dårleg med løping for Fernando. Eit par månader tidlegare starta nemleg familiens «sabbatshalvår» på Cuba. Dei ville gjerne ha ein lengre friperiode i lag før eldstejenta skulle starta på skolen heime i Trondheim. Denne friperioden – med besteforeldre som meir enn gjerne stilte opp som barnevakt – gjorde det litt for enkelt å ta seg løpeturar. Fernando sprang på seg kronisk plantar fascitt. I løpet av februar skal han under kniven, og med restitusjonstida etter operasjonen blir det truleg eit heilt år utan løping.

I tillegg til jobbsyklinga er det svømming som er stammen i treninga til Fernando. Når han likevel er nedom Pirterminalen for å ta båten over fjorden, er det ofte lettvint å ta ei økt i Pirbadet i same slengen. For tida jobbar han seg igjennom et australsk treningsprogram for å forbetra svømmeteknikken.

– Eg har i grunnen ingen store mål. Etter mitt syn er det litt for mange som melder seg på Norseman eller andre ekstreme konkurransar utan å vera førebudd. Dei skal liksom berre ha gjort det. Det smakar litt for mykje av «machismo», synest eg. Eg vil heller ta ting steg for steg. Eg tenkjer eg startar med nokre av konkurransane i triatlonkarusellen. Ein ironmankonkurranse står ikkje på lista over ting eg skal gjera – iallfall ikkje enno.
– Måla mine er ganske enkle: Eg skal kosa meg med treninga, og så må eg få starta opp løpetreninga etter operasjonen.

Ordet «kos» dukkar ofte opp når ein pratar med Fernando. Men sjølv om ambisjonane er beskjedne, betyr ikkje det at han er nokon uerfaren idrettsmann. Som tenåring var han nemleg aktiv padlar.
– Eg elska padlinga, men hata konkurransane. Dei gjorde meg nervøs. Forventningane om å prestera var ubehagelege. Det var sjølve aktiviteten – kosen! – som var greia mi.
Likevel hevda han seg ganske godt mens han enno var i dei aldersbestemte klassane. Da han tok steget til juniornivået, kom den verkelege smellen. Fernando var relativt seint utvikla, og fleire av dei han konkurrerte mot, var, fysisk sett, fullvaksne menn. Det var på denne tida han la opp og investerte kreftene i utdanning i staden.
Fernando fortel korleis han mange år seinare møtte den gamle padletrenaren. I løpet av gymnastida hadde han vokse til og vorte ein høg og stor mann. No burde han satsa for alvor, meinte trenaren. Men det vart aldri. Talentet hadde lagt opp og vorte student.

Etter femten kajakklause år kjøpte Fernando og kona hus i Sjøvegen på Ranheim. Ein månad seinare skvulpa han rundt på fjorden i nytt fartøy. Ved eit samantreff viste det seg at naboen i etasjen under var den som hadde patentet på padleåra Fernando drøymde om å ha da han var tenåring. No er dei treningskompisar.

– Inni meg har eg alltid vore padlar.

Ei økt i Pirbadet passar ofte bra for den som pendlar med hurtigbåten.
Posted in: Intervju