Posted by on 6. oktober 2011

Vibeke Stærkebye Nørstebø (30) har reist frå hausttunge Trondheim til det solglitrande Stillehavet. Laurdag 8. oktober skal ho måla krefter med verdas mest gjennomtrente menneske i Ironman Hawaii.

– Liker å ha ein plan

Langdistanz zum Jahresende: Overskrifta står på eit ark som ligg på bassengkanten. Vibeke liker å ha ein plan – og ho følgjer den.

– Dette er eit svømmeprogram frå eit tysk triatlonblad, kan ho fortelja. Eg har det med mest av gammal vane. Men det er riktig at eg gjerne vil ha eit opplegg for treninga mi, ja.

– På nyåret set eg vanlegvis opp ein grovplan for kva konkurransar og kva type trening eg skal konsentrera meg om i det komande året. Ved inngangen til kvar veke lagar eg ein vekeplan, der eg bestemmer meg for kva økter eg skal gjennomføra.

– Følgjer du planen?
– Ja, men det er sjølvsagt rom for justeringar, for eksempel etter vêret. Kan henda flyttar eg den lange sykkelturen når eg har sett vêrvarselet. Men i all hovudsak trener eg slik eg har vorte einig med meg sjølv om å gjera.

– Mange har gode intensjonar for korleis dei skal trena. Likevel får dei det ikkje til. Kva er det som gjer deg i stand til faktisk å følgja planen du har lagt?
– Det hjelper å vera sta, da … Dessutan høyrer det med at eg ikkje har familie. Eg har ingen andre enn meg sjølv å ta omsyn til.

– Blir du aldri freista til å droppa treninga?
– Nei, eigentleg ikkje. Eg tenkjer ikkje så mykje over det. Eg har jo bestemt meg i forvegen for kva eg skal gjera. I stor grad er trening noko eg berre gjer, nesten som å pussa tennene. Det høyrer liksom med til dei daglege gjeremåla.

– Dersom det dukkar opp noko anna som eg har lyst til å vera med på, prøver eg å pressa inn det i tillegg til treninga. Hytteturar, for eksempel: Tidlegare i haust vart eg invitert med på ein helgetur til ei hytte på Oppdal. Planen for laurdagen var lang sykkeltur i ironmantempo med løpetur etterpå. Ved å plassera fjellsekken på trappa slik at turkameratane kunne plukka den med seg i bilen, kunne eg like gjerne leggja den sykkelturen min i retning Oppdal. Vel framme plukka eg fram joggesko og tok ein runde i dei før eg traska opp til hytta i raskt tempo. Med litt ekstra planlegging og fleksibilitet er det utruleg kor mykje ein kan få med seg – vindrikking laurdagskvelden ikkje unntatt.

Ei lita justering i planen var det som førte til Hawaii-kvalifisering. På seinsommaren i fjor fekk Vibeke vita at ho skulle på ein konferanse i Texas i november. «På veg» til Texas er Florida, der det blir arrangert ein ironmankonkurranse nettopp i november. Dermed forlenga ho triatlonsesongen med nokre månader. Det trønderske haustvêret konspirerte til Vibekes fordel, og ho fekk trent godt heilt fram mot konkurransen. Da ho endeleg stod på startstreken, hadde ho eit ørlite håp om at dette kunne ta henne vidare til VM. Tida i mål vart 10.44,46, noko som gav 2.-plass i klassen og startnummer på Hawaii i 2011.

Tidleg start i fotgåtte skiløyper

Vibekes veg til Ironman Hawaii starta mens ho var ei lita jente som fór rundt på ski over åkrar og tun heime i Uvdal. Ho elska skigåing. Bygda var for lita til å ha noko eigentleg langrennsmiljø, så løypene måtte ho laga sjølv, og konkurransar eller fastsette treningar fantest ikkje. Likevel heldt ho det gåande, dagen lang, og når kvelden kom, skreiv ho ned kor mange kilometer ho hadde lagt ned den dagen. Slik held ho på enno. Vibeke kan fortelja at det er ei eiga glede å føra treningslogg. I 2010, for eksempel, trente ho til saman 772 timar – eller ca. 15 t i gjennomsnitt per veke.

Først i 15-årsalderen kom Vibeke inn i eit aktivt, organisert langrennsmiljø. I 1999, rett før ho vart 20, flytta ho til Trondheim for å bli sivilingeniør. Ho fann seg fort til rette i skigruppa i NTNUI, og den dag i dag har ho mange av dei beste vennene sine frå tida da ho var i dette miljøet. Skoleåret 2002–2003 var ho utvekslingsstudent i Karlsruhe i Tyskland. Det var der nede ho oppdaga triatlon.

2004 skulle vera det første året som triatlet i heimlandet. Ein vårleg fjelltur i Innerdalen sette ein brå stoppar for den planen. I snøsmeltinga rasa ein steinblokk ut frå fjellsida og rulla over begge beina hennar. Vibeke kunne lett ha døydd eller i det minste vorte krøpling for livet, men henta seg inn i løpet av eit år. I 2005, da ho endeleg skulle ta fatt på triatlontrening, pådrog ho seg ein belastningsskade. Ein lang periode heilt utan løping hadde gjort noko med grunnlaget. 2006 skulle bli året da ho verkeleg kom i siget. Sidan har ho trent jamt og markert seg i norgestoppen. Ho er, som ho seier, aldri sjuk eller skada.

Tungtrent

Før ein ironmankonkurranse set Vibeke vanlegvis av ti dagar til nedtrapping. Dei tre vekene som somme tilrår i slike tilfelle, er ikkje noka oppskrift for henne.

– Nei, tre veker er altfor lenge for meg. Med eit sånt opplegg ville eg ha vore i elendig form til konkurransen. Eg er altfor tungtrent til å gjera det på den måten.

– Kva meiner du med at du er tungtrent?
– Eg må ha mykje trening for å vera i form. Eg er ikkje av den sorten som kan ta det roleg i lang tid og så spissa forma med nokre få hardøkter. Det positive er at eg også toler mykje trening.

– Men det er ikkje sånn at eg er i god form heile året. Kvart år tar eg ein periode der eg trener mindre og berre etter lystprinsippet. Dersom ein skal henta dei gode prestasjonane ut av kroppen, trur eg det er nødvendig å akseptera at ein må vera i litt dårlegare form innimellom, også. Men det er nok mange, typisk dei som satsar på Birkebeinertrippelen og sånt, som heller vil vera i jamt god for året rundt. Og det sikkert greitt for dei, det.

– Sjølv om vinteren ikkje direkte er triatlonsesong, blir det ein del trening. Når ein ikkje reiser rundt på konkurransar, blir det jo ledig tid. Om skigåing ikkje akkurat er triatlonspesifikt, så blir det mange timar av det. I tillegg kjem det ein del svømming og løping. Totalen gjennom året blir såleis nokså høg.

Dei fleste øktene har Vibeke i lag med andre. Venneflokken er i stor utstrekning sett saman av folk ho møtte mens ho var aktiv i langrennsgruppa i NTNUI.

– Er det sånn at god form er eit kriterium for å vera venn med deg?
– Nei, nei! Men det har liksom vorte sånn at eg omgir meg med treningsglade folk, da. Og mange av dei bur i same område som eg, på Dalgård eller Byåsen.

– Gruer meg alltid før start

Med laurdagens konkurranse på Hawaii vil Vibeke ha deltatt i til saman 27 store og små idrettskonkurransar dette året. Ho har vore med i norgescupen, løpt maraton i Rotterdam og halvmaraton i Trondheim, gjennomført Ironman 70.3 Sveits (halv ironman) og vunne Triathlon du Sud (ironmandistanse) i Frankrike.

– Og eg gruer meg alltid før start … Eg er ein dårleg startar, og vidare er det vel noko med desse forventingane ein har til seg sjølv.

– Korleis får du tid til all treninga og alle konkurransane?
– I tillegg til ikkje å ha familie å ta omsyn til er eg bortskjemt med verdas mest fleksible jobb. Eg jobbar som forskar i Sintef og har all den fridom ein kan drøyma om. Jobben kjem så godt som aldri i vegen for å delta i konkurransar.

– Kanskje er det ikkje heilt rett å seia at eg «satsar på triatlon». Eg er slett ikkje villig til å forsaka alt for idretten – og eg kjenner det heller ikkje som at eg gjer det. Eg forsakar ingenting. Eg driv med akkurat det eg har lyst til.

– Kva er motivasjonen din?
– Eg liker å vera i form. Og eg elskar dette elementet med å vera ute på tur, kjenna den frisk lufta og sjå meg om. På ein måte er det nok syklinga eg liker aller best; ein kjem så langt og får sett så mykje på sykkelen. På ein måte er det ikkje like slitsamt som løping, heller. Men løpeturar kan vera fine, dei òg. Triatlon gir også høve til å sjå nye stader. Som oftast tar eg ein ferie i samband med konkurransar utanlands.

– Gleder du deg til laurdagen?
– Ja! Du kunne ha spurt meg om kva mål eg har. Svaret er i så fall at eg ikkje har noko mål anna enn å kosa meg. Det kjem til å vera så mange superspreke triatletar der at eg ikkje kan forventa meir enn å hamna midt på resultatlista ein stad. Hawaii er dessutan ein ganske spesiell konkurranse. Det er varmt, og løypa er utsett for vind. Men eg ønskjer å vera i såpass form at eg får ein god dag.

– Men Ironman er nok ikkje favorittdistansen, vedgår Vibeke. Eigentleg er det altforlangt …

Posted in: Intervju